Publisert: 21. november 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen

SFO veke 47

God aktivitet i kunst- og handverksrommet denne veka. Vi har hatt god hjelp av elevar frå Bryne vgs to dagar, og det er alltid godt med ekstra hender til å hjelpe dei små. Elles har vi hatt fine, kalde dagar der vi har vore mykje ute, og borna har kosa seg med den vesle snøen som har kome. God helg!