Publisert: 09. januar 2026 | Sist endra: 09. januar 2026 | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
SFO veke 2
No kom endeleg den etterlengta snøen, eller i alle fall minusgradene, og bakkane ved skulen blir flittig brukte. Sjølv om det ikkje er mykje snø, kosar barna seg med å renne på den vesle snøen som er i bakkane. Inne er vi i gong med småfuglprosjektet, der vi lagar «fugl i bur». Viktig å tenkje på småfuglane no når det er so kaldt ute <3