Publisert: 02. mars 2026 | Sist endra: 02. mars 2026 | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
Viktig informasjon!
For at vi på Rosseland SFO skal kunne planleggje dagen best mogleg og sikre god bemanning, er det viktig at alle føresette er nøye med påmelding og avmelding til feriar og fridagar.
Vi bemannar etter kor mange barn som er registrerte, og vi ser at det ofte oppstår mange endringar tett opp mot dagane – både barn som kjem utan å vere påmeldte, og barn som vert avmelde i siste liten. Dette skapar utfordringar for både bemanning, tryggleik og aktivitetstilbodet vi ønskjer å gi barna.
Vi ber difor om:
- at påmeldingsfristar blir haldne
- at endringar berre blir gjort dersom det er heilt nødvendig
- at barn ikkje møter opp utan påmelding, då vi kanskje ikkje har bemanning til det
- at avmelding skjer så tidleg som mogleg dersom planen endrar seg
Ha dette i tankane når dykk melder barna på til påskeferien. Påmelding kjem ut i løpet av dagen.
Vi set stor pris på samarbeidet og på at de hjelper oss med å sikre eit trygt og godt SFO-tilbod for alle barna.
Tusen takk!
Helsing Rosseland SFO