Publisert: 17. mars 2026 | Sist endra: 17. mars 2026 | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
Viktig melding!
Vi vil informera om at frå og med august, når elevane går over til 4. trinn, vil opphaldet på SFO ikkje lenger vera omfatta av ordninga Gratis SFO. Dette betyr at det blir ordinære SFO‑prisar frå august 2026.
Satsane frå august er som følgjer:
2 dagar: kr 1 490 per månad
3 dagar: kr 2 150 per månad
4 dagar: kr 2 770 per månad
Full plass (5 dagar): kr 3 480 per månad
I tillegg kjem matpengar.
1. mai er fristen for å seie opp plassen for nytt skuleår. Ved oppseiing av
plassen etter 1. mai, må ein og betala for august månad.
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.