Publisert: 13. mai 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Lise Bø Emberland
Øving til 17.mai på Rosseland skule
I dag har elevane ved Rosseland skule hatt ei flott øving til 17. mai.
2. trinn inviterte til den koselege songsamlinga «Syng med oss», der det vart god stemning og mykje songglede.
På slutten av skuledagen gjekk alle elevane i prøvetog rundt på Rosseland – eit kjekt høgdepunkt som verkeleg sette nasjonaldagsstemninga!
Rektor heldt òg ein fin tale til elevane. Han minna oss på at i Noreg er det barna me viser fram på nasjonaldagen, medan nokre andre land viser fram våpen og tanks. Dette er noko me kan vere stolte av.
No gler me oss ekstra mykje til sjølve 17. mai!