Informasjon oppstart Sommer SFO
Publisert: 27. juli 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen

Kjære foreldre,

Oppstart

SFO opnar måndag 3. august for dei som er påmelde denne dagen.
Inngangen er døra til venstre for hovudinngangen. Denne er merka med SFO 1. trinn.
Det vil vere personale til stades som tek imot dykk. De vil få litt praktisk informasjon og ei enkel
omvisning ved oppstart.
Foreldre må sjølve kjenne etter om de ønskjer å vere med ei stund. Av erfaring går overgangen ofte
lettare for barnet når foreldra har gått.
Vi anbefaler kortare dagar i starten av tilvenningsperioden.

Opningstider

Dei tre første dagane (3., 4. og 5. august): kl. 08.30–15.00
Frå og med 6. august: kl. 07.15–16.00
Me anbefaler kortare dagar i tilvenningsperioden.
Garderobe
Det vil vere merka med barnet sitt namn på knaggen i garderoben. Her kan de ha hengande skiftetøy,
regnklede og liknande.

Dagsplan i oppstartsvekene

Kl. 08.30–10.00: Ulike aktivitetar på basen
Kl. 10.30–11.00: Måltid i kantina
Kl. 11.00–12.30/13.00: Uteleik og bli-kjent-aktivitetar ute
Kl. 13.00–14.00: Open gymsal / frileik
Kl. 14.00: Fruktmåltid
Kl. 14.30–15.00: Aktivitetar på basen
Kl. 15.00: Takk for i dag. Kl. 16.00 (frå 6. august)

Aktivitetar

Me tilbyr eit variert aktivitetstilbod, mellom anna: - Kunst og handverk - Leikerom, spel, butikk, dukkerom og bamseland - Gym, dans og fysisk aktivitet - Uteleik

Mattilbod

På Rosseland SFO har me eigen kokk som lagar sunn og næringsrik mat kvar dag.
To gonger i veka serverer me varm mat, ellers brødmat, frukt og grønsaker.
Dersom barnet har matallergiar, ber me om beskjed på førehand.
I skulens ferier og fridagar har me frokost, og varmt måltid + frukt og grønsaker hver dag.

 

Kommunikasjon

Me ønskjer å ha ein god dialog med dykk som foreldre.
Me sender ut vekentlege oppdateringar frå basane på heimesida, og informerer elles via Visma.

Kontaktinformasjon:

Baseansvarleg 1. trinn: Sissel Pedersen – 954 94 110
Baseansvarleg 2. trinn: Nina Egeland – 474 61 782
Baseansvarleg 3.–4. trinn: Rune Båtsvik – 940 24 898
Avdelingsleiar SFO: Cynthia Henriksen – 954 94 110
E-post: cynthia.s.henriksen@time.kommune.no

Me ser fram til eit spennande år saman med dykk!

Med venleg helsing
Cynthia S. Henriksen, Avdelingsleiar Rosseland SFO