Kulturbruå- sammarbeid med kulturskulen i Time
Publisert: 25. august 2026 | Sist endra: 25. august 2026 | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen

"Kulturbruå"- eit tilbod til 2.trinn SFOere

Kulturbruå – Kultur i oppvekst
Samarbeid mellom Time kulturskule, Rosseland skule og SFO

Denne hausten startar vi opp Kulturbruå – Kultur i oppvekst.
Prosjektet brukar song, musikk og teaterleik for å skapa gode overgangar frå barnehage til skule og SFO.

Ansvarleg: Dyveke Chr. Sæther, saman med SFO personal.
Måndagar kl. 14.15–15.15 i musikkrommet v/aula
Oppstart: Mandag 7. september
Periode: Noko avkorta skuleår etter avtalt plan.

Barna får utforska song, rytme, musikk, teaterleik og kreativ utfalding i eit inkluderande fellesskap. Tilbodet har eit avgrensa tal plassar. Ved mange søkjarar vil det bli oppretta grupper ut frå talet på påmelde.

Påmelding leverast til SFO innen fredag 28. August.