Publisert: 16. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Lise Bø Emberland

VELKOMMEN TIL KUNSTVERKSTAD!

Kva har verdi for deg? Eit minne, ein person, ein stad eller noko heilt anna? Med utgangspunkt i utstillinga utforskar me kart, landskap, hemmelege stader og våre eigne skattar gjennom teikning og kollasj.

Laurdag 24. oktober: 8–11 år kl. 11.00 - 13.00 12–16 år kl. 14.00 - 16.00
Stad: Bryne Mølle, 2. etasje

Påmelding og pris: Det er avgrensa med plassar, så påmelding er nødvendig. Send e-post til sisselruud1@gmail.com. 
Kunstverkstaden er gratis, men deltakarane må vera medlem i Bryne Kunstforening. Alt materiale er inkludert. Medlemsskap for barn og ungdom under 26 år kostar 100 kr per kalenderår. Kjøp medlemsskap her. Kunstverkstaden er støtta av Time kommune.
Velkommen til ei kreativ stund med rom for fantasi og eigne idear!
Tips gjerne andre som kan vera interesserte! 🌟