Publisert: 30. oktober 2026 | Sist endra: 30. oktober 2026 | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
SFO veke 44
Denne veka har me hatt ei skikkeleg fin og passe skummel Halloween-veke på SFO! Barna har vore kreative og laga alt frå skjelett og spøkelse til flotte Halloween-pynt og mumiepølser.
I kantina vart det servert ei ekstra ekkel meny. Barna fekk smake på hjernemasse (havregraut) med edderkoppegg (rosiner), rottegift (blåfarga sukker), grisefett (smør med raud konditorfarge) og knokkelpulver (kanel). For dei vaksne høyrest dette kanskje ganske motbydeleg ut, men barna syntest det var kjempekjekt og smakte med stor entusiasme!
Me avslutta veka med sjølvlaga mumiepølser. Barna fekk sjølve surre pizzadeig rundt pølsene før dei vart steikte i omnen. Resultatet vart både skummelt og smakfullt.
Tusen takk for ei flott Halloween-veke fylt med kreativitet, latter og gode opplevingar.
🎃👻 Me ønskjer alle ei riktig skummel og fin helg! 👻🎃