Publisert: 19. november 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
Pilotprosjekt styrkjer overgangen frå barnehage til skule
Rosselandkrinsen er med i eit spennande pilotprosjekt saman med Time kulturskule, Trollongane og Maurtuå kommunale barnehagar, 1. trinn og SFO ved Rosseland skule. Prosjektet nyttar song, musikk og teaterleik for å skapa ein trygg og samanhengande overgang frå barnehage til skule.
Gjennom aktiv undervisning og leikbasert læring får barna utforska song, musikk og teaterleik som ein naturleg del av kvardagen. Prosjektet byggjer på den kunstfaglege kompetansen i Time kulturskule, der lærarar frå kulturskulen bidreg med sin kunnskap ut til nye brukargrupper.
– Vi nyttar den kunstfaglege kompetansen i kulturskulen sitt lærarpersonale ut til nye brukargrupper, seier Guri Årsvoll, rektor ved Time kulturskule.
https://www.timekulturskule.no/artikler/kulturbruaa-kultur-i-oppvekst/
På 1. trinn har elevane denne hausten hatt besøk av ein lærar frå kulturskulen som har delteke i musikkundervisninga og delt av sin fagkompetanse. Dette har vore eit svært verdifullt bidrag som både elevar og lærarar har hatt stort utbytte av. Gjennom musikkaktivitetane har dei arbeidd vidare med songar og reglar som barna kjenner att frå barnehagetida. Slik blir det skapt ein raud tråd frå barnehage til skule, der det kjende gir tryggleik og legg til rette for lærelyst og deltaking.
På Rosseland SFO har elevar på 2. trinn denne hausten delteke på samlingar kvar måndag som ein del av satsinga. Gjennom song, musikk og teaterleik har elevane fått oppleva meistring, skaparglede og eit sterkt fellesskap. Det har vore kjekt å sjå korleis engasjementet har vakse frå veke til veke.
I slutten av månaden skal elevane framføra det dei har arbeidd med for resten av barna på SFO. Me veit at både deltakarane og publikum gler seg, og ser fram til ei kjekk og minnerik oppleving saman.
Samarbeidet mellom kulturskulen, barnehagane, skulen og SFO viser korleis kreative uttrykk kan byggja bru mellom leik og læring, og skapa gode opplevingar for barna i kvardagen. 🎭🎶✨