Publisert: 27. november 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen
Framvisning frå Kulturbrua
I dag avslutta vi veka med ei flott framvisning frå dei flinke elevane på 2. trinn som har delteke i Kulturbrua-prosjektet i samarbeid med Time kulturskule.
Sidan september har elevane øvd kvar måndag på framsyninga «Hausten», og i dag fekk resten av SFO-barna sjå resultatet av alt arbeidet dei har lagt ned. Elevane imponerte med både song, musikk, rørsle og innleving, og publikum fekk oppleve ei flott og stemningsfull framsyning.
Vi er stolte av innsatsen elevane har vist gjennom heile hausten, og takkar både elevane og Time kulturskule for eit kjekt og lærerikt samarbeid. Det var ein flott måte å avslutte veka på! 🍂👏🍁