Elevpermisjonar og fråver

Visma Flyt Skole er ei nettbasert løysing der skulane i Time kommune legg inn informasjon om elevane. Føresette har tilgang til dette programmet og kan følgja med på eigen elev.
Som føresette søkjer de her permisjon frå skulen for dykkar barn. Lærarane fører fråvær, anmerkningar og vurderingar i Visma Flyt Skule. For å få logga inn i Visma Flyt Skule må de logga dykk inn med ID-porten (sikker innlogging offentlege tenester). 

Skal du søkja permisjon frå opplæringa kan kontaktlærar gje fri inntil 2 dagar. 
Er permisjonen utover 2 dagar må det søkjast permisjon til rektor (sjå Opplæringslova under). Dette gjer du ved å logga deg inn på Visma Flyt Skule
Frå Opplæringslova:§ 2-2,4.ledd: «Kommunen kan gje ein elev permisjon frå skulen dersom eleven samla sett får ei opplæring som er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skulen"   Denne forskrifta har nettopp vore på høyring, og vil bli vedtatt på neste kommunestyremøte

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."