Korleis gjer me beskjed når eleven er sjuk?

Dersom barnet ditt er heime frå skulen grunna sjukdom, skal fråværet meldast  inn i Min Skole-appen. Det er denne me brukar som «meldingsbok» på Rosseland.

På grunn av aukande sjukefråver blant elevane dei siste åra, må heim og skule samarbeida om å få ned sjukefråveret. dette blei det snakka om på foreldremøta på alle trinn hausten 2025

Det er i hovudsak 3 grunnar for å vera heime frå skulen pga sjukdom

  • Barnet har feber og allmenntilstanden er dårleg
  • Barnet har oppkast og/eller diaré
  • Barnet har ein smittsam sjukdom.

Utover dette er beskjeden: Gå på skulen