Meny
Velg seksjon SFO
Skintveitvegen 11 5917 Rossland Vis på kart
Telefon: 56 17 44 10 Send e-post til oss

Ved Rossland skule er det svært få parkeringsplassar til føresette, gjestar og tilsette. Vi vil på det sterkaste oppmoda om at så mange elevar som råd går til skulen. 

For å ta i vare tryggleiken til elevane våre er det svært viktig at ingen køyrer opp til skulen mellom klokka 0830 og 0900, mellom 1230 og 1300 og mellom 1430 og 1500. I desse tidsromma er det stor trafikk med mjuke trafikantar som skal ferdast trygt på skulevegen.  I dette tidsrommet skal ikkje bilar snu i krysset opp mot skulen.

Det er vaksne med gule vestar som regulerar trafikken om morgon, dei kjem til å stoppe trafikken slik at elevane trygt kan krysse vegen.

Køyremønster for dei som kjem sørfrå:

 Det er plass til 3 bilar etter den lille brua på høgre side før vegen opp til skulen. Dersom plass der, kan du gjere ein kort stopp, sleppe av born/a og køyre videre ned i rundkøyringa for så å få køyrt tilbake. Viktig at ingen snur i krysset el.l. Dersom du er første bil som stoppar, så må du køyre så langt fram som du kan, slik at det blir plass til to andre bilar bak deg. Pass også på at du køyrer godt nok inntil, men samtidig gjev plass til at elevar som går ikkje må ut i vegen for å passere.


Dersom det allereie er 3 bilar som slepp av born, må du køyre videre til busslomma ved butikkane utan å forhindre bussane eller ned til rundkøyringa for å køyre tilbake og stoppe oppe på busslomma på motsett side av skulen. Køyr så langt fram som du kan, slepp av og køyr videre raskast råd. Skjelanger-bussen stoppar også her.

Køyremønster for dei som kjem nordfrå:
På busstoppet kan du gjere ein kort stopp, sleppe av born/a og køyre videre. Stopp så langt fram som du kan. Skjelangerbussen stoppar også der. Viktig at ingen snur i krysset ved skulen, men køyrer videre bort mot Oen-krysset for så å køyre tilbake.

Det beste tiltaket for å redusera tal bilar i området er uansett å la så mange born som råd gå eller sykla til skulen. 

På førehand takk for at de er forsiktige og merksame når de brukar bil på skulevegen til elevane våre. 


Treng du nokon å snakke med? 
Kontakt ein vaksen du stoler på eller ring 116 111.