7. klasse på Sinnes skule har vore på tur til Haraldvigen.
7. klasse har hatt eit kjempefint opphald på Haraldvigen. Med eit fantastisk nydeleg vêr og eit fullstappa program med lærerike aktivitetar blei det ei flott veke!
Me var på øya saman med Kringler-Slattum og Tonstad skule. Me har vore med på mykje kjekt - mellom anna knutekurs, skjergardsorientering, flåtebygging, disco, sightseeing i skjergarden, opplæring i bruk av kano, kajakk og seilbåt og ein kort bytur til Kristiansand. Me har òg fått sett på alt som lever i fjæra og fått fanga haugevis av krabbar, sjøstjerner og småfisk.
Det blei ei minnerik veke!