Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Kongens nei

Måndag var mellomtrinnet og ungdomsskulen på Sinnes på tur til Tonstad for å sjå den nye filmen Kongens nei.

Måndag 26.09 reiste både mellomtrinn og ungdomsskule ned til Tonstad for å sjå filmen Kongens nei. Den eine manusforfattaren av filmen, Jan Trygve Røyneland, har sjølv gått på skule på Tonstad, og ville gjerne visa filmen for elevane i Sirdal. Før filmen fortalde Røyneland litt om korleis det var å arbeida med filmen, mellom anna at det kosta mykje pengar og at det tok lang tid frå dei byrja på filmen til me fekk sjå han på kino. I tillegg fekk me høyra om kva ein eldre mann i kinosalen opplevde då dette skjedde, og at han faktisk hadde møtt kong Haakon.

Filmen handlar om tre døgn i april 1940 då kong Haakon VII, resten av kongefamilien og regjeringa flykta frå Oslo då tyskarane angreip. Konges nei har fått bra omtale i media, med terningkast 5 og 6. Elevar og lærarar på Sinnes er einige i terningkasta, og kan tilrå filmen! Gå inn på denne lenkja for å lesa meir om filmen, og sjå trailer: Konges nei på Filmweb

 

Elevane måtte sjølvsagt leika seg litt på uteområdet til Tonstad skule før me tok turen inn i kinosalen.