Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Gratulerer med dagen, Sápmi!

I dag, 6. februar, er det samefolkets dag. Den blir feira til minne om det første landsmøtet som blei halde i Trondheim i 1917. Så i år feirar samane 100-årsjubileum. Samefolkets dag er felles for alle samar, uansett kva for eit land dei bur i. Denne dagen har vore feira sidan 1993. Samane sjølv pleier å feira dagen med å synga nasjonalsongen, heisa det samiske flaget, kle seg i samedrakt og eta typisk samisk mat som gryterett av reinsdyr. Samar er opptekne av å ta vare på tradisjonar.

Samane er urfolk både i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Området dei bur i, Sameland, heiter Sápmi på nordsamisk. Dei fyrste menneska som busette seg i Sápmi, kom for cirka 11 000 år sidan. Frå gamalt av har samar levd av fiske, jakt, fangst, sanking, handverk og reindrift. Dei budde i lavvo og var nomadar som reiste rundt. Ofte reiste dei mellom dei same stadane i eit større område. Det var vanleg å dela samane inn i fire hovudgrupper ut i frå kva dei jobba med og kor dei levde: Sjøsamar, elve- og innsjøsamar, skogssamar og fjellsamar.

På 1700-talet forandra ting seg i Noreg. Mange nordmenn meinte at alle burde snakka same språk, ha felles religion og dela same kultur. Myndigheitene i Noreg meinte at det beste for samane var å bli som alle andre, og gje slepp på sin eigen kultur. Det blei forbode å undervisa på samisk og å snakka samisk. Samiske barn blei tatt frå foreldra sine for å bu på internatskular der dei skulle læra seg norsk.  

Heldigvis er det ikkje slik lengre. I 1989 blei Barnekonvensjonen vedtatt i FN for å ivareta barns rettar. I artikkel 30 står det: "Barn som høyrer til ein minoritet eller urfolk, har rett til å leva i pakt med kulturen sin, religionen sin og sitt eige språk". I 1990 blei det vedtatt lovendringar som er viktige for samane. Dei bestemmer at norsk og samisk er likeverdige språk i Sápmi - Sameland, og at samiske barn har rett til å læra samisk på skulen. 

Main Image

Bilete 1 av 8