Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
Arbeidaranes dag - skulefritt
Heile dagen
Gå til Google Classroom
Skuleval på Sinnes

Fredag 8. september arrangerte ungdomsskulen skuleval på Sinnes. Det kan seiast å vera ein suksess! 

Skulevalet på Sinnes 2023 er vel gjennomført. Det var ikkje måte på kor mykje engasjement elevane viste! Dei hadde diska opp med boller, brownies og mykje anna godt og dreiv valkamp som proffe politikarar. Elevane frå 1.-7. klasse gjekk frå stand til stand og fekk høyra på kva saker partia var opptekne av, og fekk òg oppleva litt lokkemiddel for å få deira stemme. Så tok debatten til. Anne stilte elevane fleire spørsmål for å høyra kva standpunkt dei hadde til ulike saker, til dømes skulemat, vindmøller og kollektivtrafikk. I tillegg fekk partia gode spørsmål frå elevar på mellomtrinnet. Alle dei lokale partia var representerte (Sp, V, Ap, KrF, FrP, H) og i tillegg hadde me eit ekstra parti, nemleg MdG. Etter debatten skulle elevane stemma på kvart sitt parti. Elevane imponerte stort og viste god evne til å formidla sine standpunkt. Me har utan tvil fleire potensielle framtidige politikarar på Sinnes skule. 

Vinnarane av skulevalet på Sinnes blei Senterpartiet med 17 stemmer, med Miljøpartiet de Grønne på andre plass med 11 stemmer. Gratulerer!

Bilete av Trine Grete Josdal 

Main Image
Bilete 1 av 33