I dag var tre av elevane i 10. klasse med på Klassequizen!
Det blei ein tidleg morgon på nokre av elevane i dag, då dei skulle delta i NRK Klassequizen. Sendinga starta 08.40, men elevane var på plass i god tid før det, til og med før NRK sjølv var på plass!
Laget var Signe, Lars og Johanna, medan Jone stod klar som backup dersom nokon ikkje kunne vera med.
Spørsmåla gjekk greitt og dei fekk totalt 8 poeng av 12 moglege. Litt vanskeleg siste kategori, men elevane gjorde ein god innsats!
Resten av ungdomsskulen sat spente og følgde med i klasserommet medan sendinga gjekk. Det blei ekstra god stemning då laget fekk koma med songønske, som overraskande nok blei Call Me Maybe.
Godt jobba, Signe, Lars og Johanna!
Om du ikkje fekk med deg sendinga, kan du høyra ho her.