Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2026><<
april 2026
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930010203
04050607080910
Gå til Google Classroom
Skriving av gåter - for hand og digitalt

Denne veka har med arbeidd med gåter om dyr. På torsdag laga elevane eigne gåter, og skreiv inn i eit felles presentasjonsdokument.

Me laga fyrst liste saman på tavla over dyr. Deretter laga elevane tankekart på papir, der dei skildra dyret dei hadde valt.

Etterpå henta dei Chromebookane, gjekk inn i Classroom og fann oppgåva der. Der klikka dei seg inn i samskrivingsdokumentet (me skreiv alle i kvar sitt dokument, men på kvar sin "slide"), og nytta tankekartet for å laga setningar om dyra.

Rosinen i pølsa var sjølvsagt å velgja seg eit bilete frå det o store internettet til slutt, og plassera det fint inn. Nokre fekk òg øvd seg på litt maskering av dei, og fekk kule former.

Mange nye ord og nye lærdomar i skriveøvinga denne veka. Veldig kjekt! Og veldig flinke elevar.