Lesebingo i 5. og 6. klasse
Publisert: 11.06.2026 11:29 Sist endra: 16.06.2026 13:25 Forfattar: Sandra Åsemoen
I løpet av dei siste ni vekene har elevane på 5. og 6. trinn delteke i lesebingo. Målet har vore å inspirera til meir lesing og gje elevane spennande leseutfordringar gjennom ulike oppgåver på bingobrettet. Elevane har vist stor innsats og lese mykje i perioden. Dei har jobba målretta for å fullføra dei ulike rutene på bingobrettet, og mange har klart å fylla ut heile brettet. Alle som fullførte fullt bingobrett, vart med i trekninga av flotte premiar.
Me ønskjer å retta ei stor takk til Sirdal Høyfjellshotell og Slottet Sirdal som sponsa flotte premiar til konkurransen. Støtta deira var med på å gjera lesebingoen ekstra motiverande for elevane.