Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Historia til Vinnes skule/Vinnes friskule

Den første skulebygninga
I 1904 vart det vedteke å byggja skulehus på Vinnes. Skulehuset vart bygd og teke i bruk i 1905. Før den tida hadde skulen halde til i ulike hus i bygda. I skulehuset var det berre ei skulestove med gang framfor og trapp opp til gangen oppe, med lem innanfor. Det var og eit kammers attmed skulestova der undervisningsmateriellet var plassert. Innanfor døra stod ein stor rund omn. Den vart fyrd med ved og kol. Gutane sat alltid nærast glasa og jentene på nordsida av skulestova. Elevane gjekk annankvar dag på skulen, også om laurdagen. Det var ein time matpause, og då gjekk dei aller fleste heim og åt middag, også læraren. Slik var det den gongen.

Skulen blir påbygd og flytta
Det gamle skulebygget vart nytta i nær 50 år. Ca i 1952/53 vart skulen flytta nokre meter og bygt opp med 2 klasserom, gymnastikksal og lærarrom (4 m2). Skulen var og ein av dei første i Fusa som fekk innlagt vassklosett. Skuleplassen vart og avretta og tillaga. Dette skulebygget vart nytta uendra like fram til 1990.

Skulen står i fare for å bli nedlagt
Med nye læreplanar og nye fag auka behovet for areal og kompetanse (bl.a. engelsk) på skulane.  I perioden 1964-1974 vart derfor dei eldste elevane (5.-6.klasse og delvis 4. klasse) overflytta til Strandvik skule.  I 1974 kom det ei ny desentraliseringsbylgje, og folket i krinsen stemte for (gjennom folkeavrøysting) at elevane frå krinsen skulle gå på Vinnes skule.  Skulen vart no igjen ein 1-6 skule, og fekk leva rimeleg trygt fram mot slutten av 80-talet.

Skulen blir lagt ned
Nytt inntektssystem for kommunane og økonomisk press fører til ny skulenedleggingsbylgje.  Vinnes skule vert vedtatt nedlagt frå hausten 89, men pga. feil sakshandsaming ,vert vedtaket underkjent av fylkesmannen, og skulen får leva eit år til.  Men neste gong gjer ikkje kommunestyret sakshandsamingsfeil og skulen vert etter ein hard og bitter kamp, nedlagt frå hausten 1990.

Skulen som stod opp igjen
Folket på Vinnes hadde ikkje gjeve opp kampen for skulen og tanken om å gjenoppretta skulen vart halden i live. Ny valkamp og nytt kommunestyre var prega av skulekampen i Fusa (Sundfjord og Sævareid skular vart og lagt ned).  Og gjennom eit utretteleg arbeid og engasjement frå bygdefolk og sympatisørar, gjorde kommunestyret det historiske vedtaket om å gjennoppretta Vinnes skule i 1995.  Då hadde skulen vore nedlagt i 5 år.  I denne samanhengen vart og skulen utbygd for ca 1,5 mill., der bygdefolket stod for minst 0,5 mill. i pengegåver og dugnadsinnsats.  I dag lever skulen i beste velgåande, men no som friskule.

Vinnes skule  -  100 år i 2005
Som det går fram av den historiske oversikten, så blei Vinnes skule 100 år i 2005.Det var skule på Vinnes før 1905 og, men då som omgangsskule.  På hausten 1905 vart det nye skulebygget teke i bruk og vart nytta fram til starten av 50-talet.  Då vart denne bygningen reven ned.  Men mykje av materialane vart nytta i det nye skulebygget ,som vart flytta nokre meter og bygt opp på den staden der skulen står i dag.I oktober 05 var det stor jubileumsfeiring for skulen.  Vi hadde ei heil jubileumsveke med ulike aktivitetar knytta til 100-årsjubileet som enda opp i ein jubileumsfest.  NRK gjorde opptak frå denne veka og sende 6 episodar i barne-og ungdomsprogrammet «Dunder» vinteren 06.  Elevane sang også inn eigen CD med «Skulesongar gjennom 100 år.»

Vinnes Friskule vert stifta
Hausten 2005 vart det vedteke i kommunestyret i Fusa  at Vinnes skule skulle leggjast ned frå 01.08.06.  Allereie våren 05 såg foreldra og bygdefolket kva veg det gjekk med skulen.  Det vart derfor sendt søknad til utdanningsdepartementet om å oppretta friskule på Vinnes før det endelege nedleggingsvedtaket vart gjort.  Hausten 05 vart det regjeringsskifte ,og ny raud/grøn regjering stoppa alle søknader om etablering av friskular.  Men inntil ny friskulelov skulle lagast, vart det laga ei midlertidig friskulelov, og i denne vart det gjeve opning for at:« departementet gis hjemmel til å gjøre unntak i sælege tilfeller, dette for å unngå uheldige utslag av den midlertidige godkjenningsstoppen.Unntaket vil først og fremst vere aktuelt ved etablering av såkalte grendeskoler».På grunnlag av dette «særlege unnataket» vart Vinnes Friskule godkjent som friskule,  frå 01.08.06.  Det var kun 5 skular i heile landet som fekk ny godkjenning som friskule etter godkjenningsstoppen.Vi har no drive friskule i fleire år og trives veldig godt med det.