Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Prosjekt kulturlandskap Vinnesholmen

Sidan 2007 har Vinnes Friskule hatt eit prosjekt på Vinnesholmen der me fylgjer med på korleis vegetasjonen endrar seg ved beiting av husdyr.

Eit lite område er gjerda inn for å hindra sauene i å beita. No viser resultatet seg tydeleg. Hadde det ikkje gått sauer på Vinnesholmen, ville heile holmen vore dekka av skog.Elevane i 3,-4.klassen har vore med og målt og registrert kva tre som har vakse opp i det beskytta området.Bjørka domierer, men det har og vakse opp einer, eik og furu.Den høgaste bjørka er allereie 4,5 m høg og har vakse ein heil meter det siste året! Nedanfor er det ei liste over trea i forsøksområdet.

Bjørk 1      450 cm

Bjørk 2      380 cm

Bjørk 3      160 cm

Bjørk 4       133 cm

Bjørk 5       60 cm + fleire små bjørkeskudd

Einebusk 1   150 cm

Einebusk 2    80 cm

Furu  1          92 cm

Furu 2           69 cm

Furu 3           59  cm

Eik  1            15 cm

Eik  2            13 cm

Eik 3             13 cm

 

 

Main Image

Bilete 1 av 0