Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Velkommen nye 8.trinn!

Hei til deg som føresett for elev som skal starte på Frøyland ungdomsskule hausten 2024!

No er vi i gong med å førebu oss på å ta i mot dei nye 8-klassingane våre.
I veke 11, onsdag 13.03, skal vi bort til elevane på besøk for å presentere oss og skulen. Vi kjem til å
informere elevane om litt forskjellig som er viktig å vite før dei skal byrje. Her vil dei også få høve til å
stille spørsmål dei måtte ha. Dette gler vi oss veldig til!
Ein av dei tinga vi kjem til å snakke om, og som er viktig no på våren er at dei byrjar å snakka litt om
kva dei vil velja som tilvalsfag: språk eller arbeidslivsfag. For elevane i dette kullet er det tysk, engelsk
fordjupning og arbeidsliv som er aktuelt. (les gjerne meir om dette her: https://www.udir.no/laring-
og-trivsel/lareplanverket/fag-og-timefordeling/Tidligere-rundskriv/udir-01-2016/vedlegg-1/2.-
grunnskolen/)
Vi vil invitere dykk til foreldremøte onsdag 20.mars kl 18.00-19.00. Vi håpar å sjå så mange som
mogleg der. Elevane skal også velje valfag. Dette vil vi informere elevane om, og det vil også vere
tema på foreldremøte. På grunn av ny opplæringslov og endringar der i høve målform/klasser, vil vi
også informere om dette på møtet.
I samband med dette kjem vi også til å opprette eit team på Teams for alle elevane, som dei og vi har
tilgang til. Her tenkjer vi at vi kan vere tilgjengelege for elevane, og dette er ein plattform kor dei kan
stille oss spørsmål om det dei måtte lure på. Dei kjem til å bruke Teams som kommunikasjons-
plattform med oss på skulen i det daglege neste år, så det er greit at dei får litt trening:)
Ellers vil vi ikkje ha klart klassar og nye trinn/lærarar før litt ut på våren. Derfor inviterer vi til nytt
foreldremøte 5.juni kl 18.00-19.30. Håpar de vil setje av datoen allereie no. Her vil klassar og lærarar
bli presentert for dykk.
Elevane vil få invitasjon til besøksdag her på skulen i juni. Då vil dei få møte lærarane sine, og dei vil
få omvisning på skulen. Konkret dato og tidspunkt kjem vi tilbake til.
Har de spørsmål utover dette må de gjerne ta kontakt med oss på telefon. Kontaktinformasjon finn
de her på heimesida vår, i menyen oppe til venstre - kontakt tilsette.
Abonner gjerne på denne delen av heimesida vår slik at du
får varsel på epost når me legg ut informasjon.
Vi gler oss til å møte dei flotte, nye elevane våre og til å samarbeide med dykk.
Mvh,
Karl Inge Aksnes, rektor
Susanne Åsebø-Trodal, avdelingsleiar