Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulehelsetjenesten

Helsesøster arbeider helsefremjande og førebyggjande

Skulehelsetenesta har hovudfokus på helsefremjing og førebyggjande arbeid. Me arbeider etter nasjonale retningslinjer. På skulen gir me vaksinar og har samtalar både i grupper og med enkeltelevar. Nokre gonger kan ein elev trenge ein samtale, andre gonger treng eleven oppfølging over lengre tid. Helsesøster deltek i tverrfagleg møte/ressursgruppemøte på skulen. Helsesøster samarbeider med familieeininga, skulelege, fysioterapeut, ppt, barnevern, fastlege og spesialisthelsetenesta. Familieeininga er ein del av helsestasjonen. Familieeininga er tverrfagleg med mellom anna med psykolog, familierådgivere, MarteMeo-terapeut, PMTO-terapeut, tilbod om COS, DUÅ mm. Foreldrerådgivning føregår  individuelt og i grupper. Barna kan og få samtalar her. Ta kontakt med helsesøster viss du lurer på noko.  

Barnet i familien

Korleis ein har det i familien, vil verka inn på barna. Familiar kan oppleva vanskelege livssituasjoner som samlivsbrot, fysisk eller psyksisk sjukdom, vold i familien, rus eller dødsfall.   Me vil oppmoda foreldra til informera  skulen og/eller helsesøster om slik utfordringar slik at barnet kan verta møtt på best muleg måte.    

Kva kan de snakka med helsesøster om?

Barnet kan sjølv ta kontakt med helsesøster på skulen dersom det ønskjer nokon å snakka med. Tema som kan vera aktuelle å drøfta kan vera venner,  å vera  redd, lei seg for noko, korleis ein har det på skulen eller heime, sjukdom, matvanar og mykje meir.  

Me sjekkar og syn og hørsel dersom det er mistanke om at det ikkje er bra.  

Foreldra kan og ta kontakt om de opplever utfordringar/spørsmål omkring barnet anten det er i forhold til skulen eller heime.    

Vaksinar:

2.trinn : difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt

6.trinn : meslinger, kusma og røde hunder   

7. trinn : humant papillomavirus (HPV) 2 doser (nytt fra høsten 2018, også for gutter)

 

Grupper:

1.trinn: skulestartundersøking med helsesøster og lege (fra høsten 2019)

2.trinn: undervisning i klasse. Kropp, grenser og seksuelle overgrep. "Kroppen min eier jeg" (Redd barna)

3.trinn: undervisning i klasse. Søvn, fysisk aktivitet og kosthold.

4.trinn: undervisning i klasse "Psykisk helse". Helsesøster og psykolog. (fra januar 2019)

5.trinn: undervisning/samtale i grupper om pubertet (vår 2019)

6.trinn: Smiso. Gruppesamtaler.

PIS: samtalegrupper for barn som har opplevd samlivsbrot (senhøst/etter jul)

 

Målingar 3. trinn:  måla høgde og vekt på alle  

Ellers høgde og vekt ved behov og forespørsel

 

Nyttige linkar:

Informasjon om lus https://fhi.no/ml/skadedyr/lus/  

Informasjon om PIS http://www.vfb.no/no/vi_tilbyr/skilsmisse_i_familien/skilsmissegrupper/  

Informasjon om nasjonale rettningslinjer i skulehelsetenesta https://helsedirektoratet.no/helsestasjon-og-skolehelsetjeneste  

https://www.fhi.no/publ/2017/mmr-vaksine-i-grunnskolen-elektronisk-brosjyre/