Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2024><<
september 2024
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Refleksdag på KleppU

Torsdag morgon 19.oktober kom elevane til skulen og vart møtt av mange som delte ut refleksar, sjekka syklar og snakka om trafikktryggleik.

NAF Rogaland tok initiativ til å markere den nasjonale refleksdagen på Klepp ungdomsskule. Med seg hadde dei Jærradioen, Stavanger parkering og Jæren industripartner. Politiet møtte også med tre betjentar i uniform som sjekka om syklane hadde godkjent lys.

Dei fleste elevane fekk utdelt refleks, og skulen vart presentert på Jærradioen med fleire innslag.

Vi synes det var flott med ei slik markering og at NAF og Jærradioen gjorde slik at det vart ein "happening" ut av det.

Vi har om lag 250 elevar (av 410) som syklar til skulen jamnleg. Det var ein del elevar frå 10. trinn som var vekke denne dagen, men utfrå eit kjapp opptelling av politi og oss var det rundt 40% av elevane som mangla fungerande lys framme eller bak på syklane (Jærradioen og Jærbladet meldte om 70 av 150, men dette stemmer ikkje heilt med dei tala vi fekk frå politiet). Uansett er det for mange som ikkje har dette i orden, og vi vil igjen oppmode til å jamnleg sjekke sykkelen saman med elevane. Skulen og FAU har oppmoda polititet til å følgje opp med ein reell kontroll iløpet av vinteren. Minner om at forelegg for å ikkje ha godkjent lys på sykkel er kr 1150,-!

Det viktigste er likevel at ein blir sett og oppfører seg bra i trafikken. Resultatet på bruk av hjelm denne dagen var betre enn lys. Dette var oppmuntrande! Vi har ingen å miste.

Vi minner om at det fortsatt er mulig å levere inn sykkelen til reparasjon (og få sett på lys) hos gjengen som har arbeidslivsfag (tysdag og torsdag). Snakk med vaktmester Øystein.