Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Søke vgs med IOP (individuell opplæringsplan)

For å få fritak for vurdering med karakter (altså ikkje fritak for undervisning eller vurdering), må ein ha ein IOP - Individuell OpplæringsPlan. For å få ein IOP må ein bli utreda på PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) og der få ei sakkunnig vurdering som ligg til grunn for eit enkeltvedtak hjå rektor. Ein vil då kunne få spesialundervisning. Dette kan ein òg få i den vidaregåande skulen (vgs).

På yrkesfag i vgs skal ein etter to år på skule og to år som lærling ta fagprøven for å få fagbrev.

For å gå opp til fagprøven må ein ha ståkarakter i alle fag - dvs. 2-er eller betre. Dersom ein har ein IOP i vgs, vil ein ikkje få karakter i det eller dei faga IOP-en gjeld. Ein kan difor ikkje ta fagbrev på 4 år (Det fins ein dispensasjonsordning som de går ann å søke, men det skjer evt i etterkant). Ein går då mot grunnkompetanse og ikkje fagbrev.

Desse elevane kan på eit seinare tidspunkt ta fagbrevet når dei har nok arbeidserfaring. Dette er minimum fem år relevant erfaring inkludert evt. læretid. Ein kan då få fagbrev utan å ha hatt eller bestått fellesfag som norsk, engelsk og matematikk.

Dei fleste elevane som søker vgs med spesialundervisning vil gå i vanlege klassar sjølv om dei ikkje har karaktervurdering i alle fag. Dersom ein vurderer at det ikkje vil fungere tilfredstillande, kan eleven søkjast inn på grunnkompetanse tilknytta vanleg klasse eller i mindre grupper som arbeidstrening eller kvardagslivstrening.

Det er og mogleg å gå rett ut i arbeid/lære etter ungdomsskulen. Dette viser seg å vera krevjande på andre måter, men kan vera det rette for enkelte elevar. 
Har du spørsmål om dette, ta kontakt med rådgjevar Rita Rosseland Johansen på tlf; 51778373 (tysdagar mellom 10-11) eller send ein mail; Rita.rosseland.johansen@time.kommune.no