Prosess på Lye ungdomsskule for endring av kommunal og lokal forskrift mobilfri skule.
1. Orientering og innspel på både kommunale
og lokale reglar for mobilfri skule
- Elevråd 16.2.24
- Tilsette 13.2.24 (PU-tid)
- FAU 4.3.24
- SU 15.2.24
2. Rektor samlar innspela og gjev
tilbakemelding til oppvekst innan 26.mars på dei kommunale ordensreglane.
3. Endra kommunalt ordensreglement vert sendt
ut på høyring 29.mars med frist for innspel 19.april 2024. Høyringsinstansar er
SU, elevråd, UDF, Fagforbundet.
4. Dei lokale ordensreglane for Lye ungdomsskule
blir fastsett i SU i løpet av mai.
Til informasjon så gjeld desse reglane på Lye
ungdomsskule i dag:
Bruk av mobil:
- Mobilen kan vera med på
skulen, men skal stå i mobilhotellet i undervisningstida.
- Elevane kan bruke mobilen i friminutta.
Sanksjonar:
- Ved gjentekne brot på
regel, blir mobilen inndregen for resten av skuledagen. Eleven kan henta han ut når skuledagen er over.
Ansvar:
Lye ungdomsskule, jfr overordna ordensreglar
for grunnskulen i Time kommune, har ikkje erstatningsansvar for mobilar som
ikkje står i mobilhotellet.