Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon om eksamen 10. trinn våren 2024

Det nærmar seg eksamen - her kjem nyttig informasjon.

Merk at elevane kjem opp i ein skriftleg eksamen og ein munnleg eksamen.

Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 7. mai klokka 09.00.

Alt etter kva fag elevane kjem opp i er det følgande datoar som gjeld:
13. mai førebuingsdag engelsk
14. mai eksamen engelsk og førebuingsdag norsk
15. mai eksamen norsk hovudmål
16. mai eksamen norsk sidemål og førebuing i matematikk
21. mai eksamen matematikk

På UDIR sine sider kan de lese meir om eksamen i grunnskulen: Eksamen (udir)

Munnleg eksamen:
4. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei kjem opp i. Fag eleven kan bli trekt opp i er matematikk, norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, KRLE, spansk, tysk, engelsk fordjuping og arbeidslivsfag.
5. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing med faglærar. Elevane trekk tema og får informasjon om tid for eksaminasjon.
6. juni: Eksamensdag