Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulemåltid og Skulemjølk

Mat på skulen 
Undheim skule oppfordrar alle elevar til å ha ete ein god frokost før dei går til skulen. På skulen et elevane medbrakt niste som bør innehalde godt med næringsstoff for læring. Ein oppfordrar til at elevane bestiller drikke hjå Tine meierier, sjå under og har med seg litt frukt eller grønt. Då får eleven i seg alt ein treng av næringsstoff for å halde ut skuledagen. Mat som inneheld mykje sukker og feitt anbefalar ein at blir igjen heime.

Skolemat - Helsenorge 

Før jul og sommar er det kjekt å kose seg litt ekstra. Då får elevane ha med seg kosemat til skulen. Her oppfordrar skulen til at føresette bruker skjønn og samtalar med barna om kva dei ønsker å ha med seg. For nokon er heimelaga muffins god kosemat og for andre er oppkutta grønsaker stor stas eller ein heil agurk. 

Ved lengre turar har vi ein praksis der elevane kan ha med seg litt kjeks frå kjekshylla. Ikkje noko ein må ha, men nokre kjeks kan være god motivasjon og blodsukkerhjelp om ein går tom på tur. 

Skulemjølk

Undheim skule tilbyr elevane å kjøpe skulemjølk frå Tine. Dette bestiller føresette sjølv på Skolelyst.no. De vel sjølv om de vil bestille for eit halvt år eller heile skuleåret og de kan gå inn å endre dette når de vil.

Elevane kan velje mellom lettmjølk, ekstra lettmjølk, kakaomjølk, smoothie, havredrikk og laktosefri mjølk. 

Slik fungerer skulemelkordninga:

Logg inn på skolelyst.no med ditt mobilnummer og legg raskt og enkelt inn din bestilling.

1) Registrer barn 2) Velg produkter 3) Betal (betal med kort og bli trukket hver måned om du ønsker)

Er det første gang du bestiller, registrer deg som foresatt før du legger til barn og velger produkt.

Spørsmål? På skolelyst.no kan du finna svar på spørsmål om ordningen. Du kan også kontakte oss på tlf: 513 71 510 eller på e-post: skolelyst@tine.no