Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Reglar for turar og ekskursjonar

 

Undheim skule har kallenamnet "Den grøna Bygdå". Skulen ligg med gardar på alle kantar og ca. halvparten av elevane kjem med skyss til skulen.

Rundt skulen er det mange flotte naturperler. Desse ønsker skulen å ta enno meir i bruk. Skulen, i samarbeid med FAU arbeider med å utarbeide ein plan for korleis vi kan nytte området. Pga. mykje farleg veg er det ikkje like lett å kome seg til og fra desse perlene. Dei eldste på skulen bruker sykkel som framkomstmiddel til dei områdene som er trygge. Dei yngste elevane brukar nærmiljøet til skulen til sine uteskuletimar. 

For at turar og ekskursjonar skal vere trygge og forutsigbare har vi laga fire standarar for denne delen av skulekvardagen.
Både skulen og FAU ønsker at elevane skal vera aktive og gå på turar. 

1. Når ein er på uteskule, flyttar ein klasserommet ut. Det betyr at ein også skal fylle denne dagen med mål frå LK20. 

2. Skulen sine ordensreglar gjeld også når vi er på uteskule. 

3. Turane startar og sluttar inne i klasserommet om ikkje anna er informert om og avklara med føresette på førehand. 

4. Før ein går på tur, tek ein ROS analyse saman med elevane.