Meny
HER FINN DU TRINNA Trinn 4
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Time kulturskule har søknadsfrist 1. mai for kulturskuleplass til hausten.

Link til heimesida klikk her


I samband med verdas bokdag 23. april, hadde småskulen bokveke denne veka.

Elevane vart delte inn i aldersblanda grupper. Kvar dag fekk dei møte ein ny lærar, og ein ny forfattar. Her fekk dei høyre mykje kultur-, og litteraturhistorie, gjennom forfattarane  Anne Cath Vestly, Thorbjørn Egner, Astrid Lindgren og Roald Dahl. Elevane fekk og høyre om ein nyare forfattar, nemlig David Walliams.. I dag avslutta vi veka med Pippi-episoden kor Pippi, Annika og Tommy drar av garde i ein luftballong.


I dag hadde me besøk av lærarar frå kulturskulen.

Velkommen til foreldremøter våren 2024!

Onsdag 24.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 5. og 7 trinn

Torsdag 25.april kl. 18.00-19.30 vert det foreldremøte for 1.- 4. trinn.

Ein startar opp i mediateket med felles informasjon frå leiinga 18.00-18.30. Deretter vert det klassemøter i klasseromma.

Helsing Gerd Rusdal
-rektor

 



Kjekk tur for småskulen til Martas mark. Litt kaldt og surt da sola forsvann, men full aktivitet haldt elevane varme. Elevane kosa seg med aktivitetar som "Flasketuten peikar på", "Virus", husbygging, jakt etter fine steinar, knusing av stein, husbygging, rulling i gras og myke meir.

På veg heim var nokre observante elevar som oppdaga ein skatt. Det var ei mor som hadde lagt ut ei kjekk overrasking til elevane, nemlig 4 pakkar kjeks. 


4. klasse hadde invitert til Songsamling i dag.