Forsatt fare for busstreik
Publisert: 20.05.2012 skrive av: Kirsten Elin Bergsvik
Stavanger Aftenblad skriv at det fortsatt kan bli busstreik. Dei involverte partar forhandlar på overtid. Prøv å halda dykk oppdatert gjennom nyheitene.
Fare for busstreik
Publisert: 16.05.2012 skrive av: Kirsten Elin Bergsvik
Kolumbus melder i ein mail onsdag ettermiddag at det kan vera fare for streik måndag 21. mai. Dersom dette skjer vil mange bussavgangar i Rennesøy bli innstilt. Dette betyr at de foreldre sjølv må syta for transport for barna til skulen.
Følg med på nyheitene, slik at de veit kva som skjer i denne saka. Dersom eg får mailar frå Kolumbus, så vil eg informera meir her på heimesida.
Rektor har ordet i mai
Publisert: 01.05.2012 skrive av: Kirsten Elin Bergsvik
Parkeringsplassen og køyring til/frå denne
Publisert: 24.04.2012 skrive av: Kirsten Elin Bergsvik
Då har parkeringsplassen blitt utbetra og køyreretning merka. Dette var nødvendig å få på plass. Eg har fått inn meldingar om at me har ein liten jobb å gjera når det gjeld køyrekultur. Nokon køyrer mellom anna mot køyrereningen, og då blir det lett kaos. Så her får me alle gjera ein jobb, slik at barna våre kan ferdast tryggast mogleg til og frå skule og barnehage.
Søknadsskjema SFO
Publisert: 15.03.2012 skrive av: Kirsten Elin Bersgvik
Søknadskjema SFO ligg no til høgre her på heimesida vår, og på kommunen si heimeside. Søknadsfrist er 13. april. Dei som har plass no må gjera eventuelle endringar skriftleg. Det betyr mellom anna
at dei som ikkje skal gå til hausten må seia opp plassen sin.
Sjå fleire artiklar >>