Meny
Velg seksjon Rådgjevar
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Rådgjevar Rita R. Johansen kontaktinfo:
send e-post
51778373
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Yrkes- og utdanningsrådgjevar/karriererettleiar på Lye ungdomsskule

Rådgjevar har ansvar for all utdanning- og yrkesinformasjon og -rettleiing på skulen. Mykje av dette skjer gjennom faget Utdanningsval som rådgjevar administrerer. Vidare er det rådgjevar sitt ansvar å sjå til at alle elevane får den hjelpa dei treng når dei søkjer vidaregåande skule.

Rådgjevar: Rita Rosseland Johansen

Ta kontakt om du har spørsmål, ønskjer eit møte eller anna.

E-post: rita.rosseland.johansen@time.kommune.no

tlf: 51778373

Kontortid: Tysdagar kl. 10.00 - 12.00

For å få fritak for vurdering med karakter (altså ikkje fritak for undervisning eller vurdering), må ein ha ein IOP - Individuell OpplæringsPlan. For å få ein IOP må ein bli utreda på PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) og der få ei sakkunnig vurdering som ligg til grunn for eit enkeltvedtak hjå rektor. Ein vil då kunne få spesialundervisning. Dette kan ein òg få i den vidaregåande skulen (vgs).

Ta imot tilbudt skuleplass
I første veka av juli får elevane ei tekstmelding om å logge inn på Vigo.no og ta imot tildelt plass. Svar ja. Dersom du ikkje får tilbod om førsteønske, kan du samtidig setje deg på venteliste for høgare ønske. I slutten av juli kjem andreopptaket. Då må alle som er på venteliste svare på nytt. For å behalde skuleplassen må du møte første skuledag.

Lånekassen
Etter at du har skuleplass, kan du søke Lånekassen om utstyrstipend. Det er gratis penger og alle som søker får. I tillegg er det behovsprøvde stipend enkelte kan søke på.

PC
På vgs må du bruke pc. Du kan kjøpe gjennom fylkeskommunen og då får du fleire tusen kroner i støtte. Bestill før sommarferien, så er den klar når skulen starter. Bestillinga åpnar i juni. Du kan òg bruke ein pc du har frå før.

PC-kurs
Bryne vgs arrangerer kurs i data og studieteknikk 9. og 10. august. Installering og bruk av program i tillegg til studieteknikk. Sjå vedlegg under "Diverse dokument" på 10.trinn-sida for meir info. Påmelding innan 31. juli her.

Flying start
To dagar på vgs i forkant av skulestart, der ein blir kjend med vgs og får eit forsprang før skulen begynner. Snakk med eller send mail til rådgjevar rita.rosseland.johansen@time.kommune.no om du er interessert. 
Les meir om kven som tilbyr Flying start i vedlegg under diverse dokument.


Nokre universitetsstudie krev at du har teke ekstra realfag (matte og naturfag) på vidaregåande. 

På framsida til nettsida Vilbli.no kan du sjå dei 15 utdanningsprogramma ein må velje mellom når ein skal søke vidaregåande skule.

Statistisk sentralbyrå har berekninga kva utdanningar dei trur det vil vera behov for i framtida.

Ein søkjer vgs på vigo.no og fristen er 1. mars.

Ein må logge seg inn på Vigo.no med BankID eller MinID. I løpet av januar/februar får elevane instruksjonar og informasjon av rådgjevar, slik at all får søkt.

Reglane for søking til vgs er slik:

- Alle må setje opp tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkefølge

- Ein har rett på å kome inn på eit av tre oppsatte utdanningsprogram

- Ein må setje opp mellom ein og tre skular på kvar utdanningsprogram i prioritert rekkefølge

- Ein har ikkje rett til å kome inn på ein spesiell skule- Ved oversøkning vert det laga venteliste basert på gjennomsnittet av sommarkarakterane i 10. klasse

- Dersom ein får tilbod om plass ved førsteinntaket i starten av juli, må ein ta imot denne

.- Dersom plassen ein tar imot ikkje er førsteønske, kan ein samtidig sette seg på venteliste på høgare ønske.