Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Ungdomsskulen på Lye

Lye ungdomsskule ligg sentralt på Lye ca 6 kilometer frå Bryne. Det er god plass til to klassar pr trinn og med tilsette ut frå dette. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitetar også i friluft. På Lye ungdomsskule er lokalmiljøet opptekne av skulen sin, engasjerer seg og deltek aktivt i samhandling med skulen. 

Frå skuleåret 2020-2021 får me elevar frå Undheim skule og Lye skule. Me vil ha fokus på å trygga elevane og laga gode klassemiljø slik at overgangen blir god. 

Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Lye ungdomsskule er i leiarnettverk saman med Nærbø ungdomsskule, Klepp ungdomsskule og Bryne ungdomsskule. Alle skulane utformar planar der dei set utviklingsmål ut frå analysar av læringsmiljøet og læringsresultat.

Den digitale satsinga i Time kommune medfører at alle elevane på Lye ungdomsskule har kvar sitt læringsbrett (iPad). Det blir gitt kompetanseheving knytt til dette i kollegiet, og er del av fokus i vidare utviklingsarbeid.

 

Utviklingsområde - eit historisk bakteppe

Me har hatt ei plattform ut frå Ståstadsanalysen i 2014, med utviklingsområdet  Alle elevane ved Lye ungdomsskule skal vera engasjerte i eiga læring. Engasjerte elevar har vore ein raud tråd gjennom alle utviklingsplanane frå 2014, og utviklingsarbeidet på skulen har hatt som mål å grunngje alt gjennom dette. Våre satsingar på didaktisk bruk av læringsteknologi, praktisk, relevant, utfordrande og variert undervisning, profesjonell delingskultur og arbeid med djupnelæring – har alle hatt engasjerte elevar som grunntanke.

Våren 2017 gjennomførte me ny ståstadsanalyse. Analysen viste status på sterke og svake sider. Styrkene til skulen var eit oversiktleg miljø med god vaksentettleik, god klasseleiing og bra arbeidsro. Vidare hadde me eit godt antimobbearbeid med fokus på god trivsel og tryggleik. IKT-satsinga var og ein styrke med 1:1 lærebrett og gode rammar rundt. Analysen viste at me var svake på å skapa god motivasjon hos elevane og å setja dei i stand til eigenvurdering. Me ville skapa eit profesjonsfellesskap for saman å betra undervisninga og å auka IKT-kompetansen hos alle.

Alle ved Lye ungdomsskule har lærelyst var utviklingsområdet for Lye ungdomsskule skuleåret 2017-18. Utviklingsområdet hadde to underpunkt, resultatmål: Me skal læra på vårt øverste nivå, og Me er aktive, samarbeidande, engasjerte og motiverte. I 2018-19 blei utviklingsområdet endra til Alle elevane ved Lye ungdomsskule har lærelyst. Det er eleven si læring som er viktigast, derfor denne presiseringa ift «elevane». Resultatmåla handla om lesing, motivasjon, praktisk opplæring og eigenvurdering.