Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Besøksadresse Kvartsvegen 5A 4347 Lyefjell Telefon: 51778370 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 1003 4348 Lye
Redaktør: Ingeborg Sagen Milner
Det er 3 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2024><<
oktober 2024
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Velkommen til Lye ungdomsskule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, skulehelsetenesta, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.

Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper samen.

 

Trygg Trafikk  sine beste tips for gode refleksvanar:

- Fest refleks på alle jakkar og sekkar/bagar
- Legg refleksband (slapwrap) oppi skoen, slik at du hugsar å ta det på når du skal gå ut
- Bruk refleks som bevegar seg når du går, då syner du best
- Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
- Heng refleksen i knehøgd eller bruk refleksband på beina

HUGS REFLEKS 17. OKTOBER OG VIDARE I HAUST- OG VINTERMØRKET!


Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

På fredag braka det laus med aktivitetsdag og rebusløp. Me fekk ein fantastisk dag med strålande sol, kjekke elevar, grilling og god drøs. 

Gratulera til vinnarane av Lye Labyrinten 2024: Mina, Karoline, Linea, Iris, Jofrid, Lerke, Thea og Elida frå 10. trinn!


 "Visma Flyt Skole" er vårt skuleadministrasjonsprogram. Løysinga digitaliserar fleire prosessar som er knytte til lærarane og elevane sin skulekvardag. 

De som føresette må laste ned appen Min skole foresatt. I appen kan de senda meldingar, melda om fråver, sjå vurderingar og karakterar.

I Foresattportalen som de finn lenke til på heimesida til skulen kan de logge dykk inn og søke om permisjonar.

Viser til Informasjonsvideoen. (til informasjon så har vi ikkje timeplan i appen eller søknadar om skulebyte og skuleskyss som vist)

De finn informasjonshefter under Meny (venstre side) her på heimesida og under Ting ein ofte lurer på og Visma flyt skole


Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2024/2025

Skolelyst, mjølkebestilling her

Det finnes eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar som gir tilbod og støtte til kultur og fritidsaktivitetar.

Sjekk Time kommune si heimeside for meir informasjon. 

Fritid, aktivitetstilbod og støtteordningar - Hovedportal (time.kommune.no)