Hallo skrive på fleire språk i ei bok

Framandspråk i vidaregaånde skule

Framandspråk i vidaregåande skule

Framandspråk i vidaregåande skule (vgs) er tysk, fransk eller spansk. På yrkesfag og påbygg skal ein ikkje ha framandspråk. Denne teksten gjeld difor berre dei fem studieførebuande utdanningsprogramma.

På dei studieførebuande utdanningsprogramma skal alle elevane ha framandspråk i to eller tre år. Dei som har fullført framandspråk på ungdomsskulen, skal som hovudregel halde fram med det same språket på nivå II i to år.

Dei som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen, må ha tysk alle dei tre åra på eit studieførebuande utdanningsprogram. Dei kan altså ikkje velje spansk eller fransk, berre tysk. Dei skal ha nivå I dei to første åra og nivå II i tredje klasse. I tredje klasse vil desse elevane miste eit programfag på grunn av dette.

Det er berre Bryne vidaregåande skule som tilbyr elevar å byte til tysk eller spansk. Dette gjeld elevar som har fullført framandspråk på ungdomsskulen. Desse elevane skal ha det nye framandspråket i berre to år og ender dermed opp med to språk på nivå I.

Kva framandspråk ein ønsker å ha, må ein opplyse om i søknaden på Vigo. Dersom ein ombestemmer seg etter 1. mars, bør ein sende ein e-post til den vidaregåande skulen og informere om dette. Det kan vere mogleg å byte framandspråk sjølv om ein gir beskjed etter 1. mars, men fulle klassar kan gjere det vanskeleg.

 

Privatist

Elevar som kan lese, snakke og skrive eit anna språk, kan sleppe tysk eller spansk på eit studieførebuande utdanningsprogram dersom dei tek privatisteksamen i faget.

Då må dei ta både ein munnleg eksamen og ein skriftleg heildagseksamen. Dette bør ein gjere om hausten på 10. trinn. Det kostar litt over 1000 kroner for kvar av dei to eksamenane.

Fristen for påmelding er 15. september. Det er ikkje alle språk som er tilgjengelege for denne ordninga.