Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Helsesjukepleiar og psykolog

Helsesjukepleiar og psykolog har faste tider dei er på skulen. Her kjem litt info om dei ulike tilboda og korleis ein tek kontakt med anten Maria eller Venla.

Helsesjukepleiar:

Telefon 48997002 (onsdag til fredag)

Maria er helsesjukepleiar på ungdomsskulen, og tilstades på kontoret der 3 onsdagar i månaden. Fast program på ungdomsskulen er at alle i 8.klasse blir kalla inn til individuell helsesamtale. I 9.klasse vert det seksualundervisning, og i 10.klasse får alle elevane tilbod om vaksine, som er den siste i det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Det kan også vera aktuelt med undervisning og oppfølging av enkeltelevar/grupper. Elles er alle elevar velkomne på open dør, om ein treng ein prat om stort eller smått. Ein kan også ringa/senda sms, eller ta kontakt via foreldre eller lærarar. Ved behov for meir hjelp kan Maria hjelpa deg med å finna rette instansane for dette.

 

Lavterskel psykologtilbod:

Telefon 966 25 285

Venla er psykolog i Samnanger, ho hjelper barn, unge og vaksne som har vanskelige følelsar og tankar. Det kan t.d. vera behandlinga av depresjon og angst, òg hjelp med ulike psykiske vanskar ein kan ha i ungdomsåra utan at det treng å tilfredstille nokon diagnose. For å få time kan Maria (helsesjukepleiar) eller lege sende tilvising,  Foreldre kan også ta kontakt direkte på telefon,  966 25 285, for å bestille ein kartleggingssamtale. På den første samtalen kjem ungdomen saman med  foreldre. Denne samtalen brukar me på å bli kjent, finne ut kva ungdomen treng hjelp til og lagar ein plan. Etter dette kan ungdomen møte til samtalar åleine, dersom hen ynskjer det. Venla har fast kontortid på ungdomsskulen tysdagar 0900-1200. Venla har taushetsplikt og kan ikkje fortelje ting vidare til andre, med mindre ungdomen samtykker til det. Nokre gongar har ungdomen behov for meir spesialisert behandling, psykolog kan da hjelpe til med å søkje om slik hjelp (t.d henvise til BUP).     Psykolog, helsesjukepleiar og sosiallærar på skulen har fast samarbeidstid med fokus på førebygging av psykiske vanskar og fremjing av god psykisk helse for elevane på ungdomsskulen. Elles samarbeida me også med BUP, PPT og helsestasjonslege.