Meny
Klasse 10
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2026><<
februar 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272801
02030405060708
feb
16
2026
Arbeidsveke 9. trinn
Fleire dagar. Sluttar 20.02.2026
feb
16
2026
MOT 10. trinn
kl 12:00-14:00
feb
17
2026
Prøvemunnleg eksamen 10. trinn
Fleire dagar. Sluttar 19.02.2026
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Denne veka har me hatt urfolksveke på skulen, frå måndag til torsdag. Me gjekk bort frå den vanlege timeplanen og delte elevane på tvers av trinna i åtte grupper. Alle grupper rullerte gjennom åtte ulike økter der dei fekk lære om urfolk på ein variert og praktisk måte.


Fredag 16. januar var det endeleg duka for årets nyttårsball på skulen – ein kveld full av fest, glede og gode minner. Elevrådet tok ansvar for både planlegging og gjennomføring, og dei leverte eit svært godt arrangert og stemningsfullt arrangement.

8.–9. januar fekk 10. trinn ein unik oppleving i hovudstaden. Me hadde søkt om å få besøke Stortinget, og gleda var stor då me fekk innvilga søknaden. Stortinget dekka både reise og opphald, noko som gjorde turen ekstra spesiell. Løysingsorienterte føresette hadde midlar til å dekke maten under turen.


Måndag 15.desember var det klart for den årlege volleyballturneringa på ungdomsskulen – ein kjekk tradisjon som alltid skapar god stemning! Elevrådet stod for arrangementet og stilte med dyktige dommarar som sørgde for rettferdig spel.


Dei unge motivatorane på skulen, Erika og Tiril, fekk ein spennande oppgåve 11. desember då dei presenterte MOT for politikarane på kommunestyremøtet. 

I rollen som unge motivatorer var Erika og Tiril frå ungdomsskulen ein tur innom kommunehuset og delte ut glede i form av godord og godis til dei tilsette. Mot til å glede handla også om å gje dei tilsette eit innblikk i kva MOT er, og korleis det vert praktisert på skulen.

På forespørsel har elevane i arbeidslivsfag sett opp fuglebrett og koppar med fuglemat i sansehagen ved Samnangerheimen. 

Elevane på Friluftsliv 1 har vore ute i nærmiljøet og hausta naturmateriale som mose, kvistar, blad, konglar og bær. 

Her kan du sjå det flotte arbeidet elevane på 10. trinn har laga. 

31. oktober var det skikkeleg stemning på skulen då elevrådet inviterte til Halloween-feiring! 

I veke 45 gjennomfører ungdomsskulen den årlege elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet. 

Denne veka fekk elevane på friluftsliv valfag (gruppe 2) seg ein flott sykkeltur til Sætervika.  

8.-12. september 2025: Tradisjonen tru reiste 10. trinn på klassetur til TrollAktiv på Evje og heldigvis vart ikkje vêret som meldingane i forkant antyda…. 

Elevane i valfaget Innsats for andre har stått på og seld kaker for ei god sak. 


Onsdag 3. september gjennomførte me skuleval ved skulen. 

I desse tider diskuterast det politikk overalt, også på 10. trinn.

Det var mange elevar som valde den lengste turen under årets Opptur – ei flott og utfordrande rute på 13 km med variert sti og nydeleg utsikt.

Den moderate turen under årets Opptur gjekk frå skulen opp til Kampen, vidare over Hagaåsen og ned til Hagabotnane.