Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2026><<
oktober 2026
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skuleløp fredag 16.oktober

SAMAN KAN ME GJERE EIN FORSKJELL! 

I samband med årets TV-aksjon skal me gjennomføre eit skuleløp i Hagabotnane fredag 16.oktober. 
I år går årets TV-aksjon til NRC Flyktninghjelpen. Du kan lese meir om aksjonen her: TV- aksjonen 


Ein representant for Flyktninghjelpen vil ha eit opplegg med torsdag elevane før lunsj, grunna dårleg vær torsdag vert skuleløpet etter lunsj fredag. Då går/ syklar elevane i Hagabotnane og startar løpet. Ein avsluttar dagen i Hagabotnane kl. 13.30. 

Elevane skal prøve å skaffe seg sponsorar som vil støtte dei med eit valfritt beløp for kvar runde dei spring. Elevrådet ved Samnanger ungdomsskule har sett seg som mål at ein skal greie å samle inn 10 000kr.   

Slik fungerer det 
1.  Eleven avtaler med ein sponsor kor mykje sponsoren ønskjer å gi per runde. 
2.  Sponsoren kan vere foreldre, besteforeldre, andre familiemedlemmer eller andre kjende. 
3.  Løpet vert gjennomført i Hagabotnane. Kvar runde er 400 meter.  
4.  På løpsdagen tel eleven sjølv kor mange rundar hen spring.  
5.  Beløpet blir rekna ut slik: talet på rundar × beløpet per runde. 
6.  Sponsoren har sjølv ansvar for å betale inn til Spleisen til Samnanger ungdomsskule for TV-aksjonen 2026. Du kan skanne QR-koden under eller skrive inn denne adressa: spleis.no/515940