Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2026><<
oktober 2026
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
10. trinn på besøk ved Kvam vidaregåande skule

Tysdag 22.september fekk 10. trinn reise til Kvam vgs for å delta på open dag. Her fekk elevane eit innblikk i kvardagen ved vidaregåande skule og høve til å prøve seg på ulike utdanningsprogram.

I løpet av dagen var elevane innom fleire fagområde, mellom anna teknologi- og industrifag (TIF), elektro, studiespesialisering og helse- og oppvekstfag. Gjennom praktiske aktivitetar, omvising og møte med både elevar og lærarar fekk dei sjå korleis undervisninga føregår og kva moglegheiter dei ulike utdanningsprogramma kan gi. For mange er valet av vidaregåande opplæring eit stort og viktig val. Slike besøk gir elevane verdifull erfaring og betre grunnlag når dei seinare skal søkje skuleplass. Det er ofte lettare å sjå for seg kva ein ønskjer å arbeide med i framtida når ein får prøve aktivitetar og stille spørsmål til dei som allereie går på utdanningsprogramma.

Me takkar Kvam vgs for eit godt opplegg og ein lærerik dag. Elevane reiste heim med nye erfaringar, meir kunnskap om moglegheitene i vidaregåande skule og forhåpentlegvis litt meir tryggleik rundt vala som ventar.

Main Image
Bilete 1 av 14