Kveldstur med friluftsliv 3
Før helga var det meldt skyfritt og stjerneskudd med sjanse for minst 10 stykk i timen. Friluftsliv planla derfor kveldstur til Tohaugen. Hovudmålet var å erfara å gå tur i mørket og laga bål.
Publisert: 23.10.2026 09:46 Sist endra: aldri Forfattar: Hanne M. Lie
Stjernehimmel og stjerneskudd hadde blitt bonus. Dessverre blei det meldt overskya når dagen nærma seg. Men det såg ut til at elevane kosa seg fordi, og kanskje blei nokon ei erfaring rikare. Sida det var dårlig med sikt på stjernehimmelen, hadde ein fått ordna med termisk kikkert, slik at dei som var interessert i slikt kunne få prøve korleis det fungerte!
Ein kjekk gjeng å vera på tur med.