MOT til å glede-dagen – Bingo i kantina
Måndag 23. november markerte vi MOT til å glede-dagen med ei kjekk bingoøkt i kantina etter lunsj.
Dei unge motivatorane, saman med MOT-lærar Elisabeth og sosiallærar Vigdis, hadde stelt i stand eit flott opplegg.
Publisert: 23.11.2026 13:38 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Elevane fekk utdelt bingobrett, medan dei mange fine premiane stod på rekke og rad framme i kantina.
Stemninga var svært god, og spenninga var til å ta og føle på då tala vart ropte opp. Nokre gonger fekk fleire bingo samtidig – då måtte dei avgjere vinnaren med stein, saks, papir. Den som vann kampen, fekk hovudpremien, medan den andre fekk ein velfortent trøystepremie.
Takk til dei unge motivatorane, Elisabeth og Vigdis for ei vel gjennomført og hyggeleg bingoøkt!