Elevane gjorde ein strålande innsats under skuleløpet 16. oktober. Innsatsen var imponerande, og fleire sprang langt meir enn me hadde både trudd og forventa. Stemninga var svært god, elevane heia på kvarandre, og arrangementet vart ei flott oppleving for alle.
Ordføraren var tilfeldigvis til stades og vart så begeistra for løpet at han lova å sponsa oss med 5 000 kroner dersom me nådde målet vårt på 10 000 kroner.
No, éi veke etter løpet, har det kome inn heile 23 191 kroner. Me har dermed samla inn meir enn dobbelt så mykje som målet me sette oss. Tusen takk til alle som har bidrege!