Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2026><<
juli 2026
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Fotballturnering på skulen

Denne våren har me hatt ein intern fotballturnering på skulen. Klassane har møtt kvarandre i storfriminutta, og både innsats, resultat og poeng har vorte registrert og talt opp undervegs.

Det har vore stort engasjement, mykje speleglede og mange jamne og spennande kampar. Etter at alle oppgjera var gjennomførte, stod 10B igjen som vinnar av turneringa.
Som premie fekk dei utfordra eit lærarlag til kamp. For lærarane stilte Andreas, Lars Erik, Vegard, Lillian og Trond, klare til å forsvara æra.
Det vart ein tøff og underhaldande kamp med til tider høg temperatur og mykje innsats på begge lag. Elevane gav alt, men denne gongen var det lærarane som trekte det lengste strået og gjekk seirande ut. Det var likevel ein sliten gjeng på begge sider som kunne gå av bana etter ein skikkeleg fight.
Turneringa har vore eit kjekt innslag i skulekvardagen og har bidrege til både aktivitet, samhald og god stemning.
Main Image
Bilete 1 av 14