Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2026><<
januar 2026
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Info om brukarundersøkingar 2021

Me vil i løpet av november gjennomføre brukarundersøkingar for både elevar, føresette og tilsette. Samnanger ungdomsskule ønsker heile tida å utvikle seg vidare og er opptatt av kvalitetet på dei tenestene me utfører for samfunnet. Eit ledd i dette arbeidet er å nytte brukarundersøkingar som gir tilbakemeldingar til skulen om korleis tenestene våre vert vurderte av elevar og føresette.

Foreldreundersøkinga gir deg som forelder høve til å seie kva du tenkjer om læring og trivsel på skulen og om skule-heim-samarbeidet. Resultata frå undersøkinga blir brukte av skulen, skuleeigaren og den statlege utdanningsadministrasjonen til å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet. I tillegg kan resultata frå undersøkinga bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Foreldreundersøkinga kan bli publiserte som statistikk på www.udir.no.Ved at alle partar gjennomfører spørjeundersøkingane på same tid, håper me at resultata av undersøkingane kan gi eit godt bilete av kor me står no og kva me må prioritere framover. Elevane og dei tilsette vil gjennomføre spørjeundersøkinga i skuletid, medan føresette får tilsendt ein sms om kort tid med lenke til undersøkinga deira. Meir info til foreldreundersøkinga kjem snart i eiga melding. Me håper på god deltaking frå alle. I vedlegga finn du meir info om både elev- og foreldreundersøkinga.