Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
sep
18
2026
Nasjonal prøve 8. trinn
kl 8:30-9:30
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Friluftsliv

Elevane som har friluftsliv i valfag var på overnattingstur på Tohaugen fredag 17. september.
Etter å ha fordelt mat og anna nødvendig utstyr gjekk me frå vassverket i Myra til Tohaugen. Elevane kunne velje korleis dei ville overnatta, tre elevar (og lærar) sov då i hengekøye medan 11 elevar valde å slå opp telt. Me var med på litt dugnadsarbeid samstundes som me sette opp telt. Elevane byta på å forsyna bålet med buskar og greiner som dei hadde rydda i området. Det vart laga fredags-taco i gapahuken og me gjekk på skumringstur til Fitjavatnet på kvelden. På morgonen laga me oss ein god frukost før me pakka saman og gjekk heim att. Eg gler meg allereie til vårens overnattingstur. Det er ein flott gjeng å ha med seg. 
Main Image
Bilete 1 av 32