Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skuleløpet 2021

Fredag 1.oktober vart skuleløpet arrangert for første gong. Det heile starta med ein felleslunsj, der det var diska opp med brød, egg og mykje godt pålegg til alle elevane.


Etter mat og storefri gjekk elevane i garderobane og byta til gymkle. Dei hadde på førehand fått valet om kva distanse dei skulle springa. 25 elevar hadde meld seg på 10 km, medan resten hadde vald 5 km. Det var eit tredje alternativ, ei løype på 3,2 km, men den hadde ingen vald. Elevane konkurrerete individuelt og som klasse. Den gjeve tittelen «sprekaste klasse» var fleire opptatt av å vinna. Noko taktikk, men for det meste fantastisk innsats gjorde det til ein jamn og tøff kamp. 8B tok ein hårfin siger framfor 10A, premie ventar i neste veke. Det var mange flotte individuelle resultat. Dei beste tidene på 5 km og 10 km for jenter og gutar på kvart trinn vart premiert.

Etter løpet var det ein time med leikar, quiz og litt ballspel som avslutning på ein flott dag. Kanskje vert det eit nytt skuleløp neste haust? 

Main Image
Bilete 1 av 55