Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Klassetur til TrollAktiv

23. – 27. august var 10. trinn på ein innhaldsrik tur til TrollAktiv på Evje. Gjennom aktivitetar som Team Challenge, Klatrepark, SUP (Stand Up Padling), mountain bike, paintball og rafting fekk dei fleste, både elevar og lærarar, utfordra komfortsona si skikkeleg på ulike område.
Skikkeleg skummelt, men for ei mestringkjensle når ein opplever at ein greier det likevel! På ettermiddagane og kveldane var det rom for timevis med volleyball- og fotballspeling, trampoline, minigolf, sjakk og prat, lått og løye på hyttene og ikkje minst ute i strålande flott seinsommarvêr, dog med aldri så lite mygg… Då vi slitne sette oss på bussen heimover fredag morgon trur eg dei aller fleste var samde om at det hadde vore ein veldig kjekk klassetur som vi kjem til å hugse lenge! At det var ein knakande kjekk gjeng å reise på tur med kan i alle fall lærarane og foreldra som var med skrive under på. Takk for turen! 
Main Image
Bilete 1 av 23