Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Udir oppdatering 13.01.22
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Over til grønt nivå frå tysdag 18.januar

13.01 22 presenterte regjeringa nye smittevernstiltak. Dei legg opp til at kvar enkelt kommune skal gjera eigne vurderingar av koronasmittesituasjonen og gjera eigne beslutningar om kva tiltaksnivå lokale skular skal ha. Regjeringa opphever dermed det forskriftsfesta nasjonale gule nivået.
Samnanger kommune i samråd med smittevernslege har vurdert situasjonen og konkluderer med at både barne- og ungdomsskulen går over til grønt nivå. Samnanger ungdomsskule går over på grønt nivå frå tysdag  18.01.22.

Sidan 15.desember 2021 har me vore på gult nivå. Overgangen til grønt nivå fører til nokre endringar. På grønt nivå  vil me leggja til rette for  meir aldersblanding. Grønt nivå betyr ikkje at me er heilt tilbake til slik det var før koronautbrotet. Det er viktig å merke seg at:

Ingen sjuke skal møta på skulen
Me skal ha god hygiene med god håndvask
Unngå fysisk kontakt mellom personar (håndhelsing og klemming)

For oss vert ikkje endringane så store når det gjeld inndeling i klassar i og med at me har vore delt klassevis på gult nivå.
Framleis gjeld regelen om munnbind på skulebussen.

Elevane vil bli orientert om grønt nivå på skulen måndag og tysdag.